sivert bjørdal

NOR

PURE COUNTRY FRÅ ØRSTA

Sivert blir rekna som ein av dei fremste representantane for den originale countrymusikken.

Reed Sentrum laurdag 13/7

Biografi

Sivert Bjørdal kjem frå Ørsta på Sunnmøre, og blir rekna som ein av dei fremste representantene for den originale countrymusikken. Stemma hans bringer fram tankane på Hank Williams, og mykje av reportoaret hans er også henta frå nettopp Hank.

Sivert har lang erfaring som countrysangar, og det er heile 40 år sidan han starta å spele denne musikkstilen. Gjennom desse åra har han vore innom dei fleste countryfestivalane i Noreg.

Sivert er tru mot si eiga musikalske overbevisning og den ekte countrymusikken. Dette er “Pure Country”, og Sivert er heilt enkelt ein garanti for god stemning og god musikk. Med eigen stil og sound har han eit trufast og dedikert publikum som veit å setje pris på ein flott sangar og artist.

På Norsk Countrytreff skal Sivert Bjørdal stå for sentrumskonserten på Reed laurdag 13.juli!

Forrige
Forrige

BARE FJAS OG BLÅGRAS