BARE FJAS OG BLÅGRAS

NOR

VASKEEKTE BLUEGRASS FOR KIDSA

Med trestemt sang, fem instrument og tilsammen 27 strengar tek Bare Fjas og Blågras deg med til landsbygda!

Breim barnehage fredag 12/7

Biografi

Bare Fjas og Blågras er eit vaskeekte bluegrassband som spelar musikk for born i alle alderar!

Dei tre karane i Bare Fjas og Blågras har alltid vore glade i barnesangar. Men det er ikkje det einaste desse gutta er opptatt av! Dei er også veldig glade i å spele musikk frå den amerikanske landsbygda, nemleg bluegrass. Dette bringer minna attende til då dei vaks opp på den norske landsbygda, blant ku og høy, vekk frå by og støy. Så ein dag fekk dei ein god idè! Kanskje det er mulig å spele barnesangar på kåbbåi-vis?

Du får høyre kjente og kjære barnesangar i friske bluegrassarrangement, som “Grevling i taket” og “Trollmor”, i tillegg til bandet sine eigne låter som f.eks “Lørdagsgodt”, “Bestefar Burrito” og “Køntri til taket detter ned”. Trioen ELSKAR å spele barnesangar på ekte cowboy-vis, og kan beskrivast som ei herlig blanding av Øystein Sunde og Knutsen & Ludvigsen.

Øyvind Smidt: Vokal, fele og mandolin. 
Hans Martin Storrøsten: Vokal, gitar.
Fritz Flåmo Eidsvaag: Vokal, banjo, kontrabass. 

Med trestemt sang, fem instrument og til saman 27 strengar tar Bare Fjas og Smågras deg med til landsbygda for å oppleve låtar du kanskje har høyrt før - slik ein EKTE cowboy ville gjort det!

Sjekk ut meir om Bare Fjas og Blågras

Forrige
Forrige

JENS-PETTER DYRDAL

Neste
Neste

SIVERT BJØRDAL