RUNE RUDBERG BAND

NOR

MEIR ENN UT MOT HAVET

Rune Rudberg Band set kursen mot vest, for å vise at dei eldste framleis er best

Kolbeins Saloon laurdag 13/7

Biografi

Alle har eit forhold til Rune Rudberg! Heilt i frå det store gjennombrotet med "Ut mot havet" i 1988 har Rune vore eit kjent og kjært musikknamn i Noreg, og med 23 album og ei mengde singlar og samleplater - og ikkje mindre enn 7 deltakingar i Melodi Grand Prix, så er det ein merittert og erfaren mann som inntar scena på Norsk Countrytreff i 2024!

Rune har alltid vore fan av countrymusikken, og frå han gav ut albumet “Tidevannsbølger” i 1995, har countryen stått i høgsetet. Med albumet “Tro” i 2013 var Rudberg attende på førsteplass på VG-lista, og sidan den gang har Rune Rudberg Band hatt stor suksess som eitt av Noregs beste liveband.

Sjekk ut meir om Rune Rudberg Band

RUNE RUDBERG BAND

høyr musikken

Forrige
Forrige

ANNE FAGERMO & DAG ERIK OKSVOLD

Neste
Neste

KRUTTRØYK