roy lønhøiden

NOR

JOHNNY CASH MØTER ALF PRØYSEN

Roy Lønhøiden er ein av dei lunaste komponistane og tekstforfattarane i landet.

Kolbeins Saloon fredag 12/7

Biografi

Roy er ein av dei lunaste komponistane og tekstforfattarane vi har fostra opp her i landet, og tekstane hans er både lavmælte og til ettertanke. Etter at han gjekk solo for 20 år sidan har Roy blitt lovprisa av ei samla norsk musikkpresse, og den rolige herremannen frå Kongsvinger blir gjerne omtalt som at "Johnny Cash møter Alf Prøysen".

Roy Lønhøiden & Strenger av Stål har ein stor katalog å plukke frå, og går heller ikkje av vegen for å rearrangere låtar - men utan å vike frå den originale nerven i sangen. Med åtte studioalbum bak seg sidan debuten i 2004, derav tre med Spellemann-nominasjonar er det ein rutinert herremann som tek turen til Breim og Norsk Countrytreff til sommaren.

Sjekk ut meir om Roy Lønhøiden

ROY LØNHØIDEN

høyr musikken

Forrige
Forrige

BETTY ROOTS

Neste
Neste

ANNE FAGERMO & DAG ERIK OKSVOLD