
We Met In June
Sara Rose Zadig frå Dale i Sunnfjord, saman med duopartnar Gjest Ingeson Kvåle frå Sogndal utgjer We Met In June. Dei jobbar fulltid med musikken sin, der dei skriv all musikk saman og skapar eit drøymande og romantisk lydlandskap der countrypop og americana smeltar saman.
I 2024 gav dei ut debutalbumet Loving Living digitalt og på CD. Albumet fekk brei merksemd i norsk presse, inkludert A-listing på Radio Signal, listing på NRK P1 Distriktsliste og strålande omtale frå musikkjournalistar. Dei vart også tildelt prisen for Årets Gjennombrot under Luttprisen 2024 og valde ut til Talent Norges utviklingsprogram PopUp. Dei ser på desse milepælane som viktige steg i deira vidare utvikling, men er no klare for å ta musikken sin til eit større publikum.
Draumen vår er å kunne leve av å skape og framføre musikk som når ut til mennesker og gir dei glede og trøyst. Vi ønskjer å skape konsertopplevingar som set spor hos publikum – lenge etter siste tone har tona ut – og å etablere oss som ein duo med eit sterkt og engasjert publikum, både i Noreg og USA. Vi ønskjer å utvikle vårt musikalske uttrykk innan countrypop, knyte kontaktar i det amerikanske musikkmiljøet og nå ut til eit større publikum som deler kjærleiken vår for sjangeren.