
UTLAAV
Howdy!
Vi er Utlaav, eit band som består av fem knakande kjekke og sjarmerande jenter som spelar country! Vi er eit ferskt band som har halde oss litt i det skjulte ved å opptre på avsidesliggande stadar som Haugesund og Larvik. Heldigvis har vi fått gode tilbakemeldingar (og slår overraskande godt an hjå målgruppa 50–65 år), og no er vi klare for å spreie vengene og møte bransjefolk og andre musikarar.
Sjølv om vi er eit nyoppstarta band, har vi alle drive med musikk gjennom heile oppveksten, og vi er aktive i fleire band og prosjekt. Vi fann kvarandre i Oslo og har spelt saman sidan hausten 2024.
Vi kallar oss eit countryband, men hentar mykje inspirasjon frå sjangrar som folk, indie og americana. Denne sjangerbreie bakgrunnen gjer oss til ein spennande kvintett som tek for seg tema som spenner frå udiagnostisert narkolepsi til bitter hjartesorg.
For tida speler vi inn vår debut-EP, og i den samanheng ønskjer vi oss fleire spelejobbar og moglegheiter framover. Draumen vår er å skape og vise fram musikk vi er glade i. Vi vil vise at country er ein brei sjanger som alle kan få glede av – uansett alder og bakgrunn.
Ein av dei store draumane våre er å nå eit internasjonalt publikum, slik at vi kan leve eit ekte countryliv. Livet på landevegen kallar!