Praktisk informasjon

Praktisk og viktig informasjon til våre campinggjester

Innslepp på camping er ope onsdag til laurdag 10.00 til 22.00. Innsjekk opnar kl. 09.00.

Vi har ikkje ´ventecamp´, så om du kjem før eller utanom desse tidene må du nytte campingplassar i nærområdet.

Kjem du til Breim før onsdag kl. 10.00 må du nytte overnatting i nærområdet, det er ikkje høve å stille seg i kø hos oss.

Alle som skal sjekke inn på camping køyre via Byrkjelo og ta av i krysset på Teita og Fv695 Skuggesida for å komme rett inn i ventekøen for fordeling til campingområda våre. Vi har innsjekk i Bø, og å komme “motstaums” inn via brua på Råd gjer til at det blir trangt og upraktisk når ein skal fordele campinggjestar til øvre og nedre camp.

Dette betyr at også dei som kjem på E39 via Lote-Anda køyrer forbi festivalområdet og opp til Byrkjelo - for så å ta til høgre på Teita og køyrer skuggesida attende til festivalområdet.

E39 frå Anda ferjekai

Over Utvikfjellet

E39 frå Skei

LASTEBILCAMP

Det er ikkje anledning å sette i frå seg tralle/hengar/utstyr ved Breimshallen, då dette området blir nytta til campingområde for Norsk Countrytreff.

Dette betyr at våre kjære lastebilvennar må planlegge å setje i frå seg utstyret andre stadar enn ved Breimshallen.

Merk at området ved Breim barnehage heller ikkje er tilgjengeleg for parkering av utstyr.

MEIR PRAKTISK INFO

Campingområda

Det er to campingområder i tilknyting til festivalområdet, øvre camp og nedre camp. På begge campingområda er det plass til campingvogn, bubil, lastebil, campingbuss og telt. Det er toalett og tømmepunkt for campingtoalett på begge campingområder. Inngang til campingområdet er bemanna, og det er krav om festivalpass inkl. camping for å kome inn på camping. Du vil få henvist plass ved ankomst.

Det er 18-års aldersgrense på alle campingområde.

Vi har og ein stillecamp ved Breimshallen for dei som ynskjer ein litt rolegare festivalcamp. Det er ca 700 meter å gå til festivalområdet frå denne. Merk at tilkomst til festivalen betyr å gå langs E39.

Alle må ha godkjent brannsløkkingsapparat og gass- og røykvarslar i campingvogn, bubil, lastebil og buss.

Ta med eigne ´klossar´ for å vatre opp vogn/bubil.

Pass på at kablar for påkobling til vårt straumnett er av god kvalitet og dimensjonert til formålet. Ta gjerne med ekstra kablar dersom det oppstår feil.

Innslepp på camping

Innslepp på campingområdet vil starte onsdag 8.juli kl. 10:00 (innsjekk frå 09.00). Vi har ikkje plass disponibel for ´ventecamp´ før onsdag, vi ber våre gjester respektere dette.

Campingplassar i området: Reed CampingBreimsvatnet CampingByrkjelo CampingGåsemyr CampingGloppen Camping eller ein campingplass i ein nabokommune.

Billettering opnar klokka 09:00 i onsdag morgon. Innslepp startar kl. 10.00 og varer til 22.00 alle dagar.

Festivalområdet

Inne på festivalområdet fins det to scener, Kolbeins Saloon og Hesjestauren. Det er også festivalbutikk, merch-bod og andre salgsboder. I Kolbeins Saloon finn du også ein kafé med sal av varmmat og kald drikke.

Det er også barar i tilknyting til begge sceneområda.

Inngang hovudarena

Det er to inngangar til festivalområdet. 
Øvre inngang går over flat grusplass, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett i porten. Ein kan ikkje hente ut t.d sponsorbillettar eller endre billettype i denne inngangen. Etter kl. 18.00 er denne inngangen ikkje open for under 18 år.

Nedre inngang er ved Fjordhestgarden, og krev forhåndskjøpt billett eller at ein løyser billett ved inngang. Dette er inngang for under 18 år etter kl. 18.00.

Kva kan eg ikkje ta med?

På festivalområdet er det ikkje anledning til å ta med seg eigen alkohol. Dette gjeld også ved gjennomgang mellom øvre og nedre campingområde. Det er satt opp eiga rute for dei som vil ta med alkohol mellom campingområda, som er merka med skilt.

Fyrverkeri, eigne stolar/bord, våpen, hundar som ikkje er registrerte tenestehundar, støyande utstyr, laser-peikarar eller andre objekt som kan medføre skade på personell eller utstyr er forbode.

Det er ikkje lov å ta med hund på camping- eller festivalområdet elles. Unntak er stillecamp ved Breimshallen.

Tryggleik

Norsk Countrytreff verdset publikum og artistar sin tryggleik, og er rusta for å handtere ulykker og brann både på festivalområdet og på campingområdene. Vi har tett samarbeid med Politi, Røde Kors samt profesjonelle private tryggingsselskap.

Campingområdet vårt føl nasjonale retningsliner for avstand mellom bueiningar, og vi ber alle gjestar om å respektere grensene som vert nytta av vårt personell.

Butikkar

I tillegg til eigen festivalbutikk med dei viktigaste varene for festivalgjengarane våre, har vi Coop Prix Byrkjelo og Bakar Jon som ligg på Byrkjelo, ca. 4.5 km frå festivalområdet. Det vert sett opp eigne handlebussar torsdag, fredag og laurdag til Byrkjelo. Sjå eigne oppslag på festivalen.

Sjå elles meir på våre nettsider Praktisk Info

Velkommen til Breim og Norsk Countrytreff 2026!

Neste
Neste

Kvartfinale Noreg - England