Kvartfinale Noreg - England

Foto: NFF & AI

HÆ!? ER DET KVARTFINALE UNDER EIN COUNTRYFESTIVAL!? ELLER ER DET COUNTRYFESTIVAL UNDER EIN KVARTFINALE!? JA - DET ER DET!

Laurdag 11.juli kl. 23 samlast vi til noko MYKJE større enn ein fotballkamp!

Noreg møter England i kvartfinalen i årets fotball-VM, og Norsk Countrytreff viser kampen på storskjerm - midt i festivalhjartet! Vi har fått på plass formell avtale, og kan love offisiell storskjermkveld medan sola senkar seg over arenaen!

Så dette blir ikkje ein kveld for sofa, småprat og svette hender. Dette blir eit folkehav der tusenvis av country- og fotballfrelste er samla under same himmel, med same håp, same puls og same draum:

AT NOREG SKAL VIDARE I VM, OG SLÅ UT LILLEBROR ENGLAND!

Ta med flagg, drakt, cowboyhatt og stemma du trudde du hadde spart til siste refreng!

Denne kvelden skal vi rope, synge, heie, juble og RO - alle saman!

Vi minnar om Bjørge Lillelien sine bevinga ord i 1981. «Der blåser han! Der blåser han! Norge har slått England 2–1 i fotball! Vi er best i verden! Vi er best i verden! Vi har slått England 2–1 i fotball! Det er aldeles utrolig! Vi har slått England! England, kjempers fødeland – Lord Nelson, Lord Beaverbrook, sir Winston Churchill, sir Anthony Eden, Clement Attlee, Henry Cooper, Lady Diana, vi har slått dem alle sammen, vi har slått dem alle sammen. Maggie Thatcher, can you hear me? Maggie Thatcher, jeg har et budskap til deg midt under valgkampen, jeg har et budskap til deg: Vi har slått England ut av verdensmesterskapet i fotball. Maggie Thatcher, som de sier på ditt sprog i boksebarene rundt Madison Square Garden i New York: –Your boys took a hell of a beating! Your boys took a hell of a beating! Maggie Thatcher: Norge har slått England i fotball! Vi er best i verden! Terje Dalby, vær så god!»

Om du er gammal nok, så høyrer du stemma til Lillelien i hovudet ditt når du les dette!

NO KAN VI SKAPE EIN NY, MAGISK AUGNEBLINK - SAMAN!

Laurdag kl. 23.

Storskjerm på Norsk Countrytreff.

Noreg mot England

Historia bankar på.

Vi svarar med fullt trøkk. 🇳🇴

Og så tar vi etterfesten i lag!

———————————

NB: Vi kjem tilbake med justeringane i programmeringen. Alle tidlegare publiserte artistar spelar laurdag, men tidene vil bli justerte i tråd med fotballkampen.

Neste
Neste

Festivalbussar til og frå Breim!