TAKK FOR AT DU STILLER PÅ !

Takk for at du vil vere frivillig på Norsk Countrytreff 2025!

Frivilliggjengen vår er sjølve ryggrada i festivalen – utan dykk stoppar det heilt opp. Difor er vi utruleg glade for at nettopp du vil vere med og lage folkefest i Breim!

Som frivillig får du vere med og bidra til noko større. Du blir ein del av eit fellesskap på over 800 personar som saman skapar ei uforgløymeleg festivaloppleving for tusenvis av gjester, artistar og medfrivillige. Her oppstår det vennskap, gode historier, og ei heilt eiga Countrytreff-stemning som ikkje kan forklarast – berre opplevast.

Enten du serverer mat, hjelper til med rigg, står i billettluka eller smiler til publikum i porten, så er du ein viktig del av det store puslespelet som får festivalen til å gå rundt.

Vi treng deg – og vi lovar deg gode opplevingar tilbake.
Velkomen med på laget!

Beskrivelse av oppgåver

  • BILLETT CAMPING

    Ansvar for sal, innsjekk og kontroll av billettar til campingområda. Du møter gjestane først og bidreg til ei god oppleving frå starten av.

  • BILLETT

    Ansvar for sal av og å sjekke billettar ved inngangane til konsertene. Du møter gjestane med eit smil og gir dei ein god start på konsertopplevinga.

  • CAMPING VAKT/PLASSERING

    Hjelp gjestane med å finne rett plass til telt, bubilar og campingvogner. Du sørger for orden, tryggleik og god stemning på campen.

  • GRILL-SALG

    Her står du for å selje mat til svoltne festivaldeltakarar. Ein sosial og populær oppgåve

  • PARKERING OG TRAFIKKAVVIKLING

    Du hjelper til med å dirigere trafikken og vise folk til rett parkeringsplass – ei viktig oppgåve for å få alt til å flyte fint!

  • PROFILERINGSBOD

    Salsbod for festivalartiklar som hettejakker, t-skjorter og andre produkt med vår profil. Du hjelper gjestane å finne seg noko kult å ta med heim.

  • REINHALD

    Bidra til at festivalområdet held seg ryddig og triveleg for alle. Du er ein del av laget som sørger for at både festival og camping er reine og hyggelege.

  • SANITÆRVAKT

    Pass på at toalett og sanitæranlegg held god standard gjennom heile festivalen. Viktig for både trivsel og hygiene. Vi er kjent for å ha Norges kanskje beste festival på dette området!

  • VERTSKAP / VAKT FESTIVALOMRÅDE

    Du er auge og øyre ute på området – bidreg til tryggleik, eit ryddig arena og hjelper publikum og rapporterer ved behov. Ei sosial og viktig rolle!

  • ØLTAPPING / BAR

    Servering av drikke til dei vaksne festivaldeltakarane. Her trengst det både tempo og godt humør – og du må vere over 18 år.

FrivilligvilkÅr – Norsk Countrytreff 2025

Tusen takk for at du stiller som frivillig!
Norsk Countrytreff er eit stort dugnadsprosjekt, og innsatsen frå frivillige er det som gjer festivalen mogleg.
Når du tek på deg ei vakt, blir du ein viktig del av fellesskapet som gir tusenvis av publikummarar ei minneverdig festivaloppleving.

For at vi skal få til dette på ein trygg, god og effektiv måte, har vi nokre enkle spelereglar som gjeld for alle frivillige.

Når du melder deg som frivillig, forpliktar du deg til følgjande:

  • Du møter presist og er klar til vakt til avtalt tid

  • Du held deg edru og rusfri gjennom heile vakta

  • Du bidreg med godt humør, samarbeidsevne og respekt – både overfor publikum, kollegaer og leiarar

  • Du følgjer instruksar og gjer dei oppgåvene du har blitt sett opp til

  • Du går med vaktvest og / eller ID dersom oppgåva krev det

  • Du tek pausar i samråd med vaktleiar og held deg til det som er avtalt

  • Du held området du jobbar i ryddig, og hjelper til med småting som trengst – det er ofte dei små grepa som gjer den store forskjellen

  • Du gir beskjed om du opplever noko som er ubehageleg, utrygt eller uønska

  • Du leverer tilbake vaktutstyr og ID når vakta er ferdig

  • Du har tilgang til mat og drikke i mannskapskantina på Fjordhestgarden når du er på vakt

Viktig å vite:

Dersom du ikkje møter til vakt, eller bryt med vilkåra, kan du miste retten til frivilligplass og festivalarmband, og i nokre tilfelle bli fakturert for full pris på billett.

Personvern og bruk av bilete:

Når du registrerer deg som frivillig, samtykker du til at Norsk Countrytreff kan lagre og bruke kontaktinformasjonen din i tråd med gjeldande personvernreglar.
Du kan be om innsyn eller sletting når som helst.

Vi gjer deg også merksam på at det kan bli tatt bilde og video under arrangementet. Desse kan bli brukte i etterkant til marknadsføring eller dokumentasjon av festivalen.