James Johnston er ein av dei fremste countryeksportane frå Australia. Han kombinerer moderne countryproduksjon med ekte forteljarkunst. Det har gitt han over 210 millionar strøymingar globalt og eit raskt veksande internasjonalt publikum.
Johnston har vunne tre Golden Guitar Awards, er to gonger nominert til ARIA Award og fekk Jeff Walker Global Country Artist Award under CMA International Awards 2026. Han har vorte ei av dei mest markante stemmene i moderne australsk countrymusikk. Det historiske debutalbumet Raised Like That låg 35 veker på rad som nummer 1 på ARIA si liste over australske countryalbum. Oppfølgjaren Where You’ll Find Me sementerte plassen hans som ein av dei mest spennande artistane i sjangeren.
Han er kjend for publikumsfavorittar som «Raised Like That», «Blame», «Small Town», «Country Is for Me», «Smoke I’ve Known» med den amerikanske countrystjerna Chase Matthew, og den ferske singelen «Takes Me Back». James har bygd opp ein katalog som når publikum langt utanfor Australia. Songane hans hyllar heimen, familien, venskapen og dei augneblinkane som formar kven vi blir. Det er historier som treff same kvar countrymusikk blir spela.
Han har hatt utselde hovudkonsertar over heile Storbritannia og sin aller første hovudkonsert i Canada. I tillegg har han spelt i Sverige og Sør-Afrika, og han veks vidare i Nord-Amerika og Europa. Slik er James Johnston med på å føre ei ny generasjon australsk countrymusikk ut på verdsscena.
Og for første gang i Norsk Countrytreff si historie, så kjem ein australsk artist til Breim for å vise oss kva dei held på med down under.