Norsk Countrytreff er stolte av å presentere ein av dei mest omtalte og kritikarroste artistane i moderne country: Joshua Ray Walker.
Med si enorme røyst, rå ærlighet og melodiar som sit som spikra, har Walker teke countryverda med storm. Han har stått midt i livets mørkaste kapittel – og kome tilbake med ein kunstnarleg styrke som gjer musikken hans meir kraftfull enn nokon gong.
Då han gjesta Bastard Bar i Tromsø i 2019, skreiv musikkjournalist Egon Holstad i iTromsø:
«Konserten søndags kveld er noe av det aller beste jeg har sett på år og dag. På vei hjem tenkte jeg flere ganger på hva faen det var som ramlet ned i hodene på oss heldige som var der.»
I 2026 står Joshua Ray Walker endeleg på scena på Norsk Countrytreff. Publikum kan vente seg ein konsert der alt står på spel: store historier, humor, hjarte, smerte – og ikkje minst den heilt særeigne twangen som har gjort han til ei av dei mest spennande stemmene i amerikansk country i dag.
Dallas-fødde Joshua Ray Walker har skaffa seg eit rykte som ein av dei mest fengslande historieforteljarane i countrymusikken, der han kombinerer den eminente røysta si med meisterleg låtskriving og eit majestetisk scenenærvær.
Etter å ha gjeve ut åtte studioalbum til strålande kritikk og opptredd på The Tonight Show with Jimmy Fallon, Jimmy Kimmel Live!, CBS Saturday Morning og på sjølvaste Grand Ole Opry, har Walker halde fram med å gjere sterkt inntrykk på både publikum og kritikarar.
Joshua Ray Walker held fram med å gå sin eigen veg i countrymusikken, med eit modig og kompromisslaust uttrykk.