I løpet av dei 35 åra dei har vore på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av låtar til den norske songskatten. Med 18 plateutgjevingar, ei lang rekkje klassikarar og fleire tusen spelte konsertar over heile landet, har bandet halde seg i det øvste sjiktet av norsk musikkliv.

Hellbillies har vorte heidra og respekterte for evna si til å smelte saman amerikansk og norsk musikktradisjon, samstundes som dei har eit tydeleg særpreg. Ikkje minst har tekstane til ein av grunnleggjarane i bandet, Arne Moslåtten, hatt stor tyding. Med originalitet og høg litterær kvalitet har dei, saman med musikken til Aslag Haugen og Lars Haavard Haugen, vorte stilskapande og ein viktig del av norsk kulturliv. Dette har gjort Hellbillies til eit førebilete for mange artistar innan sjangeren, der stadig nye generasjonar oppdagar låtkatalogen til bandet.

Bandet haustar strålande tilbakemeldingar frå både publikum og meldarar, og anerkjenninga har kome i ei rekkje ulike former – frå Spellemannprisens heiderspris «Årets Spellemann», prisar frå Noregs Mållag, Norsk Artistforbund, Prøysen-prisen og Medaas-prisen, til framifrå meldingar av både plater og konsertar.

Hellbillies består av Aslag Haugen (vokal, gitarar), Lars Haavard Haugen (gitarar, vokal), Bjørn Gunnar Sando (trommer), Egil Stemkens (bass) og Lars Christian Narum (tangentar). 

Meir om HELLBILLIES

Forrige
Forrige

Emily Ann Roberts

Neste
Neste

Claudia Scott