LONGHORN

NOR

LÆRDALS GRAND OLE’ MEN

Fylkets eldste countryband rir igjen!

Kolbeins Saloon laurdag 13/7

Biografi

Kva er vel Norsk Countrytreff utan Longhorn? Husbandet vårt stiller år etter år på eldretuna rundt om i kommunen, og sprer musikkgleda si til .. vi skal IKKJE seie jamnaldringane sine, men for fylkets eldste countryband er det snart tett på!

Dei gjev seg ikkje på tørre møkka, desse gutta frå Lærdal - og det er vi VELDIG glade for! Det blir 25. gangen dei er her - på 29 år, og dei får lov å jobbe for føda denne gangen òg. Eldretuna i kommunen, kyrkjekonserten og Kolbeins Saloon er stadane ein får oppleve gamlelensmannen og resten av bandet opptre, og gutta ser fram til det som truleg er årets høgdepunkt - Norsk Countrytreff.

Legendene!

LONGHORN

høyr musikken

Forrige
Forrige

WE MET IN JUNE

Neste
Neste

LANZ BULLDOGS