Våre trufaste vener Longhorn frå Lærdal har vore ein fast del av Norsk Countrytreff sidan 1997, og vi er glade for å ha dei med oss også i jubileumsåret 2025!
Longhorn skapar alltid god stemning, og som vanleg vil dei bidra på eldrekonsertane og under kyrkjekonserten. Dette tilbodet har blitt ein kjær tradisjon som betyr mykje for mange.