Norsk Countrytalent 2026

Foto: Sigve Brochmann

Vinnar av Norsk Countrytalent 2026 blei Chico Acevedo - i sterk konkurranse frå Breisladd.

Chico er ein 23 år gammal artist frå Tomter i Indre Østfold, som studerer på artistskulen LIMPI i Lillehammer. Han lagar norsk country og føler verkeleg at han har funne sitt element. Som liten høyrde han mykje på Johnny Cash og Elvis, og dermed var det gjort.

Chico er adoptert frå Colombia, og føler sjølv han representerer ein minoritet som ein ikkje finn ofte i countrymusikken. Noko han er veldig stolt av! Draumen er å kunne reise rundt i Noreg og spele sangane sine, og fortelje historier frå eige og andre sitt liv til dei som treng høyre det, eller som berre likar ei god historie.

Norsk Countrytreff gratulerer Chico Acevedo som verdige vinnarar av Norsk Countrytalent 2026!

Neste
Neste

Vil du jobbe som frivillig?