Countrysongbingo med Linda Fosse
Heilt nytt på Norsk Countrytreff 2025!
Countrysong-Bingo med Linda Fosse
og Reidun Fosse
Er du klar for noko du aldri har opplevd på Norsk Countrytreff før?
Linda Fosse – inspirasjonsartist frå Nordhordland, kjent for å skapa god stemning og ekte musikkglede – kjem til Breim med eit heilt nytt konsept: Countrysong-Bingo!
Med seg har ho systera si, Reidun Fosse, som òg var med og kora på scena under Linda sin store konsert i Grieghallen i 2023 – der mellom anna Lothepus var med. Vi håpar countrysongen "Lika tøff so han" vil gjera lika stor lukke på Breim som der. Linda har ellers bak seg over 30 år som frilans artist og har ein lidenskap for å inspirera folk til å våga og gjera det dei brenn for. Følgjer draumen gjer ho sjølv og er i tillegg mentor og coach for andre som og vil nå sine mål og gjera det dei verkeleg ynskjer i livet.
Søstrene Linda og Reidun er godt kjende for å skapa god stemning på festivalcampar og rundt bålpanner, og no står dei endeleg saman på scena på Breim – klare til å gje deg ei annleis og livleg musikkstund!
🎵 Kva er CountrySongBingo?
Konsert, allsong og bingo i ei og same pakka. I staden for fastlagt konsert trekker vi countrysongar som bingotal. Når ein song vert trekt, stemmer vi i, gjerne med allsong! – og du har eit bingobrett med songtitlar og er med i spelet. Dette blir god stemning, allsang, spenning og countryglede frå første tone.
Du får m.a. høyre slagarar frå artistar som:
Tanya Tucker
Charley Pride
Lynn Anderson
og sjølvsagt Kenny Rogers & Dolly Parton, for å nemna nokre.
Mange av desse har vitja Countrytreffet tidlegare – og no vert dei heidra i ekte Country-song-bingo-stil!
🤠
Eit heilt nytt innslag på festivalen
Gratis bingobrett til dei 200 første
Premiar frå Kolbeins Saloon
Allsong med klassikarar du elskar
To søstrer på scena – kjent for å løfta stemninga
🎟️ Ver tidleg ute for å sikre deg gratis bingobrett, få god plass – og vere med frå starten av når det blir liv og countryfest i Kolbeins Saloon!
Meir om Linda Fosse:
Fb: https://www.facebook.com/inspirasjonsartisten
Insta: https://www.instagram.com/lindafosse_inspirasjonsartist/
websida: https://www.lindafosse.no/
SPOTIFY: https://open.spotify.com/artist/0VGPrin0lY2CWo8xf9CFu7?si=T28JzwaYRpmlAideXh9TXg