Cody Jinks har bygd karrierA si på eigne premissar. Oppvaksen nær Fort Worth i Texas, fann han forma si i barar og honky-tonks, der han lærte verdien av hardt arbeid og uavhengig skaparkraft. Gjennom sitt eige plateselskap, Late August Records, har han halde fast på ein «gjer det sjølv»-filosofi som har gjort han til ein av dei mest respekterte uavhengige countryartistane i USA.
Med det kritikarroste albumet Change The Game (2024) viste Jinks eit nytt djup i låtskrivinga si. Plata handlar om å vere ærleg med seg sjølv, ta ansvar og finne veg mot forsoning – tema som står sterkt hos ein artist som aldri har vore redd for å vise sårbarheit. Samstundes gav han ut Backside of 30, ei nyutgåve av fanfavoritten frå 2012, og Cody Jinks Sings Lefty Frizzell – ei hyllest til ein av dei største førebileta hans.
Jinks har til no gitt ut ti studioalbum som jamt har ligge i toppen av Billboard sine country- og indie-lister, med over 3,5 milliardar strøymingar og åtte gull- og platinasinglar – inkludert megahiten Loud and Heavy. Han er to gonger kåra til Music Row’s Independent Artist of the Year og har selt ut konsertar på nokre av dei største scenene i USA, mellom anna legendariske Red Rocks Amphitheatre.
Med bandet sitt – The Tone Deaf Hippies – er Jinks kjend for kraftfulle konsertar som kan strekkje seg over to timar, der energien frå scenen møter eit publikum som har følgt han i snart to tiår. I 2025 la han ut på Hippies and Cowboys Tour, og i 2026 tek han turen til Noreg og Breim - for første gang i Skandinavia!
Cody Jinks held fram med å gå sine eigne vegar – tru mot røtene, fansen og den ekte, jordnære amerikanske musikken han står for.