Vi løftar taket
Denne veka blei eit nytt kapittel i historia til Norsk Countrytreff skrive, då taket på hovudscena bokstaveleg talt vart løfta til nye høgder. Arbeidet med å auke takhøgda på hovudscena er eit viktig steg for å tilpasse oss til stadig større og meir krevjande produksjonar – akkurat i tide til festivalen sitt 30-årsjubileum i sommar.
På festivalområdet i Breim møttest Odd Kjetil Tonning frå Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Vegar Sårheim, dagleg leiar i Norsk Countrytreff, for å markere milepælen. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebank 1 Sogn og Fjordane har vore sentrale bidragsytarar til prosjektet, og har med si støtte gjort det mogleg å ruste opp scena for framtida.
– Norsk Countrytreff er tufta på frivilligheit og lokalt engasjement. At aktørar som Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga stiller opp og støttar slike prosjekt, betyr enormt mykje, seier Vegar Sårheim. – No får vi ei hovudscene som kan ta imot endå større artistar og produksjonar, og det er ekstra stas å få til dette i jubileumsåret vårt.
Norsk Countrytreff er i dag ein av dei største countryfestivalane i Noreg, og trekkjer kvart år tusenvis av tilreisande til Breim. Med 30 år bak seg, over 800 frivillige i sving og ei stadig aukande interesse nasjonalt og globalt for countrymusikken, er oppgraderinga av scena eit viktig steg for å møte forventningane frå både artistar og publikum.
Sparebank 1 Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har i ei årrekkje vore viktige støttespelarar for frivillig sektor i regionen, og legg vekt på å bidra til utvikling og vekst i lokalsamfunna.
– Frivilligheit og dugnadsånd er noko av det som gjer samfunna våre sterke. Å vere med og støtte eit prosjekt som dette er heilt i tråd med våre verdiar, seier Odd Kjetil Tonning.
Med scenetaket attende på plass er Norsk Countrytreff klare for å ta jubileumsfeiringa til nye høgder – bokstaveleg talt.