Lokale smakar, ekte handverk – nytt samarbeid med Gardsbrenneriet
Norsk Countrytreff er stolte av å inngå samarbeid med ein av dei mest spennande lokale drikkeprodusentane i regionen: Gardsbrenneriet frå Sandane!
Med eit brennande engasjement for kortreiste råvarer, kombinerer Gardsbrenneriet tradisjon og innovasjon for å lage unike drikkevarer av eple og bær frå eigen gard. Deira Frisider har fleire gonger fått toppskår i nasjonale testar, og dei tilbyr eit breitt utval av smakfulle og handlaga produkt.
Frå og med årets festival får du høve til å smake på desse lokale skattane – og ikkje nok med det: Gardsbrenneriet vil ha sin eigen bar på Kolbeins Saloon, vår populære kaféscene midt i festivalområdet. Her kan du nyte lokale smakar i lune omgjevnader, medan musikken spelar og folkelivet yrar rundt deg.
Vi gler oss stort til å gi publikum ei ny og smakfull festivaloppleving – med ekte lokal forankring.
Les meir om Gardsbrenneriet her: gardsbrenneriet.no
Velkomen til Norsk Countrytreff 2025 – og til smaken av Gloppen!