Om Stiftinga Norsk Countrytreff

Norsk Countrytreff er ei privat stifting med sete i Gloppen kommune.
Stiftinga er etablert av: Breimsbygda Idrettslag, Byrkjelo Ungdomslag, Breim Bygdeungdomslag, A/L Breimshallen, Breim Countryklubb, Stiftinga Norsk Fjordhestgard, Gloppen kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

 

Administrasjon:

Dagleg leiar: Arve Kleppe

 

Styre:

Leiar:  Nils R. Sandal
Styremedlem:  Oddlaug Slagstad
Styremedlem:  Per Jonny Moldestad
Styremedlem:  Toril Fjørtoft
Styremedlem:  Kent Øystein Hjelle

Om Festivalen Norsk Countrytreff

I 2017 vert Norsk Countrytreff (NCT) arrangert for 23.gong. I løpet av andre helga i juli vil om lag 20 artistar og band stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har Norsk Countrytreff sakte men sikkert vakse seg til å bli eitt av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane, og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2009 ny publikumsrekord - med over 13 100 personar innom arrangementa, som finn stad i heile Gloppen. 

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det har blitt ein tradisjon for glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år. Ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg.


Konsertar

Den tradisjonelle og etter kvart svært populære Bluegrasskonserten i Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum, vert opningskonserten for festivalen. Det er ei spesiell stemning i dei rustikke omgjevnadane i denne gamle lada/låven, og bluegrassmusikken passar perfekt inn her.

Etter dette går det slag i slag på mange ulike scener rundt om i kommunen. Torsdag kveld er det konsert på Kolbeins Saloon. Både fredag og laurdag er det 13 timar samanhengande livemusikk på festivalområdet. Først på dagen i Kolbeins Saloon, og ut på kvelden vert det musikk frå Hesjestauren òg.

Kyrkjekonserten i Breim kyrkje er vorte kalla flaggskipet til NCT.  Også i 2017 er konserten lagt til laurdag. Det er ei stor glede for artistane å delta på denne konserten, som kvart år fyller kyrkja til siste benk.

I tillegg til dette er det konsertar på dagtid laurdag på Byrkjelo, Reed og Sandane sentrum. Dette skaper countrystemning i heile kommunen både for innbyggjarane og for tilreisande som er ute og handlar.


Country for alle

– NCT har som mål å presentere country til alle aldersgrupper. 

Barnas Countrytreff

I 2009 vart det for første gong arrangert eit eige tilbod for dei minste. Barnas Countrytreff set borna i fokus, og dei får oppleve både musikk, dans og aktivitetar. Det nye kulturhuset til Gloppen kommune, Trivselshagen, er staden for arrangementet. Her kan alt skje under same tak, og ein er ikkje avhengig av vèret. Også i 2017 vil vi tilby konsert til dei unge cowboyane, i tillegg vert det linedancekurs, ope bibliotek og andre aktivitetar i dei ulike delane av Trivselshagen. Borna blir servert pølser og saft på området, og arrangementet er gratis for alle.

I 2017 vert det også tilbod om barnevennlege aktivitetar på hovudarenaen, bl.a.  hesteskokasting og riding. I tillegg er det gratis linedancekurs for aldersgruppa 13-19 år.

Tilbod til dei eldre

Det har vore uråd for ein del eldre menneske å ta del i konsertane på dei ulike arenaene våre. Vi tok difor i 2009 med artistar ut frå arenaen til bufellesskapa i Hyen og Byrkjelo, samt på sjukeheimen på Sandane. Dette vart svært vellukka arrangement, med gode tilbakemeldingar. Arrangementa på bufellesskap og sjukeheim har vorte ein tradisjon sidan den gong. Med dette tilbodet, i tillegg til Barnas Countrytreff, er vi no ein festival for alle aldersgrupper.


Miljøfyrtårn

I juni 2009 vart vi sertifisert som eit grønt arrangement under merke Miljøfyrtårn. Vi fekk siste re-sertifisering i 2015.  Norsk Countrytreff arbeider med fokus på miljø  i forkant og under festivalen, og dette har gjeve gode resultat. Både dei frivillige, innleigde og publikum gjorde ein stor innsats på ulike område. Dette resulterte i at vi fekk gjennomført fleire tiltak som er miljøfremjande. Arbeidet kjem vi til å halde fram med til årets festival, og under arrangementet vil det bli fleire synlege tiltak som vi håpar publikum ser på som positivt og tek aktivt del i. Dette vil gjere festivalen til eit endå meir miljøvennleg arrangement, i tillegg til at ein del av tiltaka aukar trivselsfaktoren for besøkande.


Vi har plass til alle

Vi har god plass på både campingområda og hovudarenaen.

Velkomen til Breim og Norsk Countrytreff sin 23. festival