Om Knutepunkt

Stiftinga Norsk Countrytreff fekk hausten 2011 melding om at Norsk Countrytreff frå 2012 vart knutepunkt for countrysjangeren. På desse sidene finn du informasjon og ressursar som kan hjelpe deg som arrangør eller artist innan countrysjangeren, litt om kva som ligg i knutepunktordninga, kalendar over arrangement og lenker til aktuelle sider.

Kriterie for knutepunkt:

  • forankring til stad
  • festivalaktivitet kvart år
  • kunstnarleg leiande
  • koordinering og samarbeid
  • nasjonal og internasjonal orientering
  • nyskapande og utviklingsorientert
  • publikumsutvikling
  • god ressursutnytting
  • regional medverknad.

Kriterium for knutepunktstatus.pdf

I St.meld. nr. 61 (1991-1992) Kultur i tiden , vart omgrepet knutepunkt definert slik:

«Knutepunktinstitusjonene er tenkt å få en fremtidig rolle som bærere av et nasjonalt kulturansvar og samtidig ha en regional og lokal tilknytning. Den største utfordringen for disse institusjonene vil, foruten å ivareta egen utvikling, produksjon og formidling, være å utvikle ideer, tilbud og kompetanse som kan komme hele regionen til gode og bidra til å styrkje kontakt og faglig miljø innenfor de respektive landsdeler. Samtidig er tanken at nettverksfunksjonene skal koble dem tettere både til andre institusjoner og til statlige og regionale myndigheter.»

Knutepunkta skal ha ei felles statleg og fylkeskommunal/kommunal finansiering etter ei fordeling 60-40 pst. mellom stat og fylkeskommune/kommune. For Nord-Noreg endra Stortinget fordelinga til 70-30 pst, med 100 pst. statleg finansiering for Nordnorsk Kunstmuseum.

I St.melding nr.10 (2007-2008) Knutepunkt, er kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget grundig skildra. Les heile St.melding 10 her.