Miljøfyrtårn

Norsk Country Treff vart i 2009 sertifisert som eit grønt arrangement under Stiftinga Miljøfyrtårn. Festivalen er eit av få musikkarrangement som er sertifisert med miljøprofil i Norge. Bakgrunnen for tiltaket er at vi såg ei stadig aukande avfallsmengde som ikkje vart sortert.  Dette var det naudsynt å gripe fatt i og handtere på ein god måte. I same tidsepoke som vi arbeida med å finne nye metodar for avfallshandtering, var det eit auka fokus på Miljøfyrtårn i kommunen. Ein av våre største bedrifter i kommunen og ein av våre hovudsponsorar, SFE, har konsulentar innanfor fagfeltet som kan bidra i prosessen fram mot sertifisering. Vi såg høve for å bli eit grønt arrangement, og tok utfordringa med å tilrettelegge for dette i samarbeid med våre sponsorar og samarbeidspartnare

MINDRE RESTAVFALL

Målet var å kunne redusere restavfallet, mengde avfall generelt, og sette i verk andre miljøretta tiltak som ville spare miljøet Vere positivt for publikum og som på sikt ville gje økonomisk gevinst for festivalen. Iselin Myklebust er miljøansvarleg i Norsk

Country Treff, og har sidan vi starta miljøsatsninga arbeida med koordinering, tiltak, møter og har fulgt prosessen gjennom første året. Ho synest det har vore ei positiv utvikling sidan vi starta vinteren 08/09. – Det var mykje nytt å sette seg inn i gjennom prosessen mot å bli sertifisert. Det er mange tiltak som må vere på plass for å oppfylle dei generelle krava, i tillegg kjem dei tiltak vi såg som nyttige for festivalen. I 2009 var første festival som var tilrettelagt for ei meir miljøretta gjennomføring. – Det var hovudsakelig avfall som var hovudfokus i 2009, i lag med kollektivtransport, kortreist mat og arbeidsmiljø. Og tiltaka gav gode resultat. – Vi reduserte mengda med restavfall med heile 6 tonn. Det er svært bra for å vere første året med sortering. Det har vore lagt ned ein større jobb med å sortere avfall internt i organisasjonen. På salsavdelingane vart det sortert ei større mengde papp og plastavfall som har vore med på å bidrege til å redusere restavfallsmengda. Det har òg vore ei stor mengde metall/jern på campingområda. – Overraskande mykje metall/jern vart sortert ut under sluttoppryddinga i fjor. Det vert lagt igjen mykje av publikum, som tek med seg både møbler, partytelt og grillar når dei skal bu på campingområdet. Vi oppmodar alle om å ta med seg heim det dei tar med seg inn på festivalen.

TOK HENSYN

Vidare kan Iselin påpeike at svært mange av dei tilreisande tok hensyn til det nye som vart presentert i 2009 og 2010. – Vi fikk tilbakemeldingar som tyder på at miljøprofilen vart lagt merke til og at publikum var positive. God tilrettelegging for sortering av avfall var nok det som var tydlegast for folk flest av tiltaka. – Ikkje alt gjekk som planlagt av det som var annonsert i forkant og under festivalen. Og det kom det ein god del tilbakemeldingar på. Så det er tydeleg at det som vart formiddla vart fanga opp av våre besøkande. I 2010 vart det ei vidareføring av tiltaka i frå 2009, med nokre nye moment. Når det gjaldt avfall, vart det utvida med ei ytterlegare sortering på campingområda. Dette gjaldt spesiellt upantbart glass som det var mykje av i restavfallet tidlegare år.

INFORMASJON

– Vi har fått eit eige symbol for miljøprofilen vår i festivalen. Ein grøn cowboyhatt er vårt merke, og skal vere synleg i profileringa av miljøtiltak i åra framover. Miljøansvarleg har vidare nokre oppfordringar til publikum. – Sorter avfall etter henvisningar på miljøstasjonane og gje gjerne positiv oppmuntring til våre frivillige som gjennom heile festivalen og i etterkant rydder opp etter dykk. Dei er viktige for at du skal ha ein triveleg festivalhelg i ryddige omgjevnader. Les informasjon som vert utdelt og du finn på området, og ver med på å skape eit godt miljø!.