Vi treng frivillige!

Meld deg til tjeneste her...

Ein festival på Norsk Countrytreff sin storleik er eit stort løft, og vi er avhengig av mange frivillige for å kunne gjennomføre eit prikkfritt arrangement. Sjølv om mange allereie står på våre dugnadslister er det heilt sikkert nokon som ikkje har komt med eller har falle ut. Som takk for innsatsen får du gratis dagbillettar til heile helga på hovudarena. Frå torsdag til søndag kan du delta på alle konsertar som er på Hesjestauren og i Kolbeins Saloon. Konsertar utanfor hovudarena er ikkje inkludert i billettane. Om du kjem utanbygds frå og har planar om å overnatte på festivalcampen, kan du mot eit lite mellomlegg oppgradere gratisbilletten din til eit festivalpass for arena og camping. Bruk skjemaet under for å melde deg til tjeneste.


Fornamn og etternamn
Gate, postnummer og poststad
Helst mobil:
Kva jobb ynskjer du:
Dette er rettleiande, vi kan kome til å bruke deg på andre oppgåver enn det du har satt opp som ynskje.
Vakt på festivalområdet
Vakt på camping
Servering drikke
Servering mat
Sanitærvakt
Innsjekk camping
Informasjonsbu
Servering backstage
Rigging scene

Våre mannskapsansvarlege vil kontakte deg for å gjere avtale.

LAG OG ORGANISASJONAR

Er du med i eit lag eller organisasjon som treng pengar til ei investering eller til drift? Då kan ein gå dugnad under festivalen og tene pengar til laget.

Kontakt oss for meir opplysningar:

NCT-kontoret
ved dagleg leiar Arve Kleppe
mob: +47 4642 6928

e-post: nct@breim.no