Festivalcamp

Norsk Countrytreff har fleire festivalcampar som ligg i tilknytning til hovudarenaen på Norsk Fjordhestgard. I 2009 utvida vi campingområdet ytterlegare med 15 dekar for å kunne ta imot endå meir publikum.

Prisane for festivalpass inkl. camping finn du under Billettar-fanen øverst. Prisane inkluderer fri adgang til alle konsertar på hovudarenaen.

Vi gjer merksam på følgande:

  • Camping innsjekk har følgande opningstider:
    • Onsdag 18.00 – 22.00 med førehandskjøpte bilettar
    • **Torsdag 13.00 – 01.00
    • Fredag 09.00 – 01.00
    • Laurdag 09.00 – 01.00
    • Dei som kjem mellom 01.00-09.00, får tilvist plass på parkeringsplassen.
  • Det er ikkje mogleg å førehandsreservere plass på festivalcampen, men vi har plass til alle!
  • Det er 18års aldersgrense på festivalcampane, og alle MÅ vise legetimasjon ved innsjekk.
  • Vi gjer merksam på at det er ikkje lov å ta med hund på Norsk Countrytreff.
  • Dei som ynskjer camping utanom festivalcamp, må kontakte campingplassane i kommunen