barnas countrytreff

 
 

Trivselshagen, Sandane fredag 12.juli kl.11.00

Barna er viktig for oss i Norsk Countrytreff. Difor arrangerer vi vårt eige countrytreff for barna fredag frå kl. 11.00 til 13.30. Trivselshagen er arena for dagen, og her vil vi skape ekte festivalstemning for barn og unge!

Vi startar det heile med ein konsert i kultursalen med Muntre Musikanter. Deretter vil det bli pølser i lange baner servert i fellesarealet. Biblioteket er ope og har countrymusikk og cowboyar som tema. 

Barnas Countrytreff passar for barn i barnehagealder og opp til 4.klasse. Konserten og aktivitetane er gratis.

NB! Alle barnehagar i Gloppen blir invitert til å delta. Resterande billettar blir lagt ut for andre. Dette arrangementet krev påmelding på grunn av plassavgrensingar.

Reservasjon av billettar til Barnas Countrytreff  kan du gjere her.


Skjermbilde 2019-05-18 kl. 10.24.20.jpg

Dei fleste songane kjenner borna frå før, men dei har nok sjeldan høyrt Torbjørn Egner sine viser framført på banjo, mandolin, fele, gitar og kontrabass!

Men det borna kanskje IKKJE veit, er at Torbjørn sjølv spelte banjo. Han brukte denne titt og ofte då han sang dei velkjende sangane sine.

Muntre Musikanter ønskjer at forestillinga skal gje ein positiv, spennande og aktiv opplevelse som appellerar til kreativitet og fantasi hjå ungane.

Tradisjonelt er bluegrass ei vidareutvikling av europeisk folkemusikk. I heimlandet til denne stilarten er det ein tradisjon at musikken blir framført på familiearrangement, men i Noreg er det diverre slik at bluegrass som regel blir framført på arenaar der born ikkje har tilgang.

Dette vil Muntre Musikanter gjerne gjere noko med, og Norsk Countrytreff er difor glade for å kunne presentere gruppa som årets musikantar for Barnas Countrytreff!