Terje Iversen

Terje Iversen.jpg

Terje Iversen er oppvaksen på Harpefoss i Gudbrandsdalen, og lettare påverka av foreldra sine, vaks han opp med røter i den tradisjonelle countrymusikken. Allereie i 9-årsalderen fekk han masa seg til sin første gitar, og gitaren har seinare blitt ein fast følgesvenn gjennom livet. 

Terje Iversen er sterkt influert av artistar som Buck Owens, Johnny Cash, George Strait, Marty Stuart, Alan Jackson, Travis Tritt m.fl, men har i dei seinare åra opparbeida seg sin eigen stil og sitt eige varemerke. Han leverar amerikansk country på sitt beste! 

Terje har lang og brei erfaring, med alt frå dei meir "Roadhouse"-liknande danselokala på landsbygda, til dei store festivalane i bygd og by. Ein "Country to the bone" artist som leverar varene med ekte følelsar for den musikken han presenterar.

I 2012 var Terje i Music City - Nashville, for å finne inspirasjon og låtar til sitt nye album - "Better with a band", og dette blei ferdigprodusert i 2013 med Mark Moseley og Tom Holland frå Sound Control Studios bak spakane. Desse gutta har samarbeida med artistar som George Jones, Vince Gill og årets amerikanske hovudartist - Tanya Tucker. 

Freddy Brakestad