Tanya Tucker

TUE+14+09006+NKW+(2).jpg

Tanya Tucker slo igjennom som 13-åring i 1972, med låta som skulle bli hennar første og
kanskje største hit i over ei 46 år lang artistkarriere. Med låta «Delta Dawn», skrevet av Larry
Collins og Alex Harvey, gjekk ho rett inn på A-laget blant amerikanske countryartistar – og blei
der. Columbia Records freista i starten å skjule det faktum at unge Tucker berre var 13 år, men
då dette blei kjent, var sensasjonen eit faktum. I åra som følgde, kom Tanya Tucker ut med
fleire store hit’ar; Texas (When I die), Blood Red And Going Down, What’s Your Mama’s Name,
Child og San Antonio Stroll, for å nemne nokre.

Med 9 Grammy-nominasjonar i perioden 1973 til 1994, 24 albumutgjevingar, 2 Live-album og
fast inventar i alt av lastebilar og anleggsmaskiner i fleire tiår, er det ei sann glede å få presentere Tanya Tucker for vårt publikum på Norsk Countrytreff 2018!

I juni 2017 blei Tanya Tucker presentert i «Rolling Stone» som «One of the 100 Greatest
Country Artists of All Time», i lag med artistar som Vince Gill, Emmylou Harris, Don Williams,
Hank Williams Jr, Kenny Rogers, Dolly Parton og han som først oppdaga Tanya i 1972; Mel
Tillis.

Freddy Brakestad