Steff Nevers

Steff Nevers besøkte Norsk Countrytreff i 2013, og leverte gitarbasert no-bullshit country med twang og attitude. 

Steff Nevers blei født sommaren 1975 og vaks opp på ein liten stad som heiter Geithus i Modum. Interessa for musikk var stor då han var barn og han byrja først å spele fiolin. Fela ble diverre lagt på hylla då dei flytta til Drammen. Men, musikkinteressa var alltid til stades, og gitaren blei plukka opp som instrument. 

I årevis var Steff mykje brukt som studiomusiker, og blei spådd ei stor karriere i ett av verdas største rock-magasin, KERRANG. I 2002 tok derimot Steff ei heilomvending musikalsk, og interessa for countryen var vekt. 

i 2007 reiste Steff til USA for å realisere draumane sine, ved å spele inn eit countryalbum med nokre av dei beste musikarane Nashville hadde å by på. Det kritikarroste albumet "Closest to my heart" kom til verda, og blei sleppt på marknaden 23.mars 2009. Dette albumet solgte til gull på svært kort tid!

I 2010 blei albumet nominert til Spellemannsprisen.

Samme år slapp Steff "Ain't no bad life", i samarbeid med Universal, og igjen blei Steff nominert til Spellemannspris. I 2014 blei Steff Nevers nominert til den gjeve prisen "Artist of the Year" av Britiske CMA. 

Til Norsk Countrytreff kjem Steff i lag med G.Thomas - og dei to har med seg showet sitt THE HONKY TONK TORNADOES!

Freddy Brakestad