Sivert Bjørdal

Sivert Bjørdal.jpg

Sivert Bjørdal kjem frå Ørsta på Sunnmøre, og blir rekna som ein av dei fremste representantane for den originale countrymusikken. Stemma hans er nær slekta med Hank Williams, og store deler av repertoaret er henta nettopp frå han.                                                                                               

Sivert har lang fartstid som countrysongar, det er over 30 år sidan han starta med denne musikkstilen, og han har gjennom desse åra vore innom ei rekke festivalar i Norge.

Sivert er tru mot si musikalske overtyding, og den ekte countrymusikken. Dette er «Pure Country». Sivert er heilt enkelt ein garanti for den gode musikken og den gode stemninga.
Han har eit trufast og dedikert publikum, som veit å sette pris på en flott songar og artist. Han køyrer ein heilt eigen stil og sound.

Han er også kjent utover landegrensene. I 1997, 1998 og 2003 sto han saman med bandet sitt på scener i Litauen, på ”Country Jonines” i Siauliai, og på ”Visagino Country” i Visaginas, der han spelte for 25000 begeistra publikummarar.

I konkurranse med artistar frå blant anna USA, blei Sivert kåra til ”Singer of the festival” her.

I samband med 20 årsjubileumet som countrysangar i 2004, gav han ut CD-singelen ”My tribute to Hank”. Denne kom ut i samband med deltakinga hans på countryfestivalen på Skjåk. Han har også kontrakt med det tyske plateselskapet ZYX-Music, der han er på samle-CD’en ”Country Roads vol 4”, som kom ut 15.mars 2005

Han er òg inne på radiostasjonar i 20 land, og har vore oppe på en 6.plass på CMA topp 100 sine lister i Europa.

Under countryfestivalen på Skjåk i 2006, fekk Sivert festivalen sin ærespris. Dette for å ha vore trufast mot den tradisjonelle stilen i 20 år.

Dei siste åra har han òg hatt mange kyrkjekonsertar rundt om, der han viser at han også meistrar country/gospelsjangeren, og at han kan røre publikum til tårer.

Sivert sin siste CD, med tittelen ”The lonesome sound of Sivert Bjørdal - Pure country”, inneheld 13 songar med tradisjonell ekte country, og er en hyllest til legenda Hank Williams. Sivert har òg med 2 av sine eigne songar på den.

Sivert reiser no rundt med Sivert Bjørdal band, der alle medlemmane er handplukka med lang fartstid innan country!

Freddy Brakestad