Nothin' Fancy

NothinFancyPress0145.jpg

Frå Virginia kjem ei av dei mest underhaldande bluegrassgruppene i verda. Dei har tre år på rad vunne “SPBGMA´s award for Entertaining Group of the Year”, som understrekar dette faktum. Dei starta i 1994 som bluegrassband for å opptre i ein konkurranse innan denne sjangeren. Etter den tid har dei vokse i popularitet, gjeve ut 11 album, spelt på dei store scenene i USA og dreve sin eigen bluegrassfestival i Virginia sidan 2001. Dei har årleg over 140 spelejobbar, og har ein fantastisk tilhengarskare over heile verda. Dei har vore nominerte og vinnarar av mange store prisar i dei ulike prisutgjevingane i Nashville. Kjenneteikna til Nothin Fancy er sterke vokalar og instrumentalar, energiske sceneshow og deira jordnære og venlege oppførsel mot publikum. Dette er òg grunnen til at publikum kjem attende til konsertane deira gong etter gong. 

Nothin' Fancy besøkte oss sist i 2011, og vi er glade for å kunne ønske gutta velkommen attende til Norsk Countrytreff 2018! 

Freddy Brakestad