Hanne Sørvaag

Hanne Sørvaag.png

Hanne debuterte som artist i 2002 med albumet “You Know Me” under artistnavnet Paris, og fulgte opp med albumet “Talk Of The Town” i 2006. Ho hadde fleire topp ti-singlar på radio i Norge, og reiste og spelte landet rundt.

Ho er signert som låtskriver hos Universal Music Publishing Group, og har opp gjennom åra skrevet låtar som har vore på hitlistene i både Europa, USA, Australia og Japan. I 2006 ble ei av låtane hennar brukt i finalen av American Idol, og med “My Destiny” nådde finalist Kathrine McPhee 2. plass på Billboards singelliste. Hanne sin første nr. 1-plassering på norske hitlister var med “Brief and Beautiful” sunge av Maria Arredondo i 2007.

Hanne Sørvaag er ein låtskriver av internasjonalt kaliber. Ho har vore med å skrive låtar på det siste albumet til r’n’b-stjernen Shontelle, blant anna hennar singel «Say Hello To Goodbye». Hanne skriv rundt 200 sanger i året, og er ettertrakta blant låtskrivere og artistar frå både inn- og utland.

– Det mest inspirerende og mystiske emnet er kjærligheten. Gjerne med melankoli, men alltid med håpet bevart, har Sørvaag sagt om inspirasjonen til låtane ho skriv.

Ho blei historisk då ho som første kvinne hadde to låter med i den internasjonale finalen av Eurovision Song Contest i 2010, “My Heart is Yours” med Didrik Solli-Tangen for Norge og “Shine” for Georgia. Ho har deltatt som låtskrivar i MGP fleire gangar, og i 2011 var ho med som både artist og låtskrivar med låta «You’re Like A Melody»

Etter dette fikk artistkarrieren hovedfokus igjen, og ho fulgte opp med albuma «Cover Me», som er hennar eigne tolkninger av låter ho har skrevet til andre, Countryplata «All Is Forgiven» som er skrevet i Nashville og juleplata «Christmas Lights»

Med dette fekk ho gode plasseringar, mykje radiospeling og omfattande turnévirksomhet.

Hanne vitja oss i 2013, og gjorde ein svært god figur. Vi trur Hanne kjem til å sjarmere deg like mykje i 2018!

Freddy Brakestad