Gunslingers

guns.jpg

Få band innan countrysjangaren har opplevd ei slik utvikling her til lands som Gunslingers.  Etter utgjevinga av “Norwegian Honky Tonk” hausten 2008, vart bandet booka til dei beste festivalane i landet – både Seljord og Breim! Fengande melodiar og underfundige tekstar med ekte cowboyhumor på hardingdialekt, er karakteristikk som er gjeven av plata “Norwegian Honky Tonk”. Alt frå livet på Countryfestival i Seljord og russiske damer dot.com, til Harrymann si burning på hjørnet og sterke kjensler for ein traktor vert omtala. I 2009 kom oppfølgjaren med namnet “Ein skål te” som vidareførte den humoristiske tonen frå debutalbumet. Sidan kom albumet «Viagra, Biff og Bernaise» og seinast i september 2013 «Made in Norway». I 2016 slapp gutta i Gunslingers albumet "Sommar", og fylte dermed opp musikklageret med 9 nye allsangar til countryfesten!

I 2017 starta Gunslingers Norsk Countrytreff - i 2018 får dei æra av å avslutte festivalen! Vi går for folkeliv og allsangfaktor, og ønskjer gjengen velkommen attende til Norsk Countrytreff!

Freddy Brakestad