G. Thomas

G.Thomas er eit kjent og kjært fjes på Norsk Countrytreff, og i år igjen kjem han "bringing friends"! G.Thomas er vel det næraste ein kjem ein rotekte countrylegende her til lands, og sekstiåringen kjem til Breim for å presentere låter frå sitt 35 år lange artistliv! 

Sidan starten på Phønix Hotell i Arendal på byrjinga av 80-talet har G.Thomas bygd opp eit solid og godt rykte som countryartist. Med over 100.000 plater solgt og 11 soloalbum under hatten, er han ein rimelig etablert artist på den norske countryscena!

G.Thomas har turnert i store delar av Europa og i USA, og har vore oppvarmingsband for storhetar som The Highwaymen - der Waylon Jennings brått kom ut på scena og gjorde ein duett med G.Thomas, heilt uanmeldt. Av andre artistar G.Thomas har opptrådt med, kan vi nevne Steff Nevers, Steinar Albrigtsen, Arne Benoni, Ottar Big Hand, Claudia Scott, Arly Karlsen - for ikkje å snakke om artistar som Bobby Bare, Tanya Tucker, Pam Tillis, Waylon Jennings, Willie Nelson, Johnny Cash, Mark Chesnutt, Don Williams, Vince Gill, Emmylou Harris og mange fleire!

Til Breim kjem G.Thomas med Steff Nevers og The Tumblin' Grooves.

The Tumblin' Grooves er noko så fantastisk som eit tysk countryband, og ekteparet kjem til Breim i lag med G.Thomas for å presentere country slik den blir framført i Tyskland! 

Freddy Brakestad