Dylan Earl

Dylan Earl.jpg

An evening with Dylan Earl. 

Dylan Earl er ein countryartist frå Lake Charles, Louisiana, og er for tida busett i Fayetteville Arkansas. Han syng country og western slik Aaron Tippin og Travis Tritt gjorde det i ca. 1992, og er dønn ærlig innan countrysjangeren. Med si bariton-stemme er han ein match made in heaven i par med pedal steel, og leverar det som har blitt omtalt som "his real feeling brand of country, none of that pop shit here, real country, sad songs sung with beauty and power". 

Som ein post-country/countrypolitan/twangcore låtskrivar, lanserte han sin første i EP i 2015, med tittelen "Blessing in Disguise". Denne blei produsert av Daniel Romano i Ridgeville, Ontario. Etterpå kom "Yee-Haw from Arkansas" - ei tre-sporsplate på Los Angeles-baserte Play Yah Records. 

Hausten 2017 kom Dylan Earl si første plate - "New Country To Be". Ei plate smekkfull av pedal steel, melankoli, glitrande tekstar og såre tankar. Gå ikkje glipp av det genuine på Norsk Countrytreff!

Freddy Brakestad