Yngvar Furebotn Band

Yngvar Furebotn Band er eit lokalt band, beståande av musikarar frå fleire etablerte musikkgrupper i Sogn og Fjordane. Vokalisten og mannen bak bandnavnet, Yngvar Furebotn frå Brekke i Sogn starta ut som soloartist, men har no fått med seg namn som Hans Robert Hyllestad frå Kruttrøyk på elgitar, Kjell Reigstad frå Helt Vanlige Menn på keyboard, Roger Pettersen frå HitCompany på bass, Dan Mikal Ripe Frøystad frå Gunslingers på steelgitar og Arne Mo frå mellom anna Spencer Furebø's på trommer, for å freiste ei musikalsk karriere på Vestlandet.

Yngvar Furebotn skriv låtar sjølv, og har spelt inn fleire av desse. På Norsk Countrytreff blir dei første band ut, på torsdag 13.juli klokka 20:00 i Kolbeins Saloon.

Freddy Brakestad