Vassendgutane

Vassendgutane skulle i prinsippet ikkje trenge ein artistomtale. Bandet har spelt på Norsk Countrytreff 10 gangar sidan vi blei kjent med dei i 2004! Med over 20 år på vegen no, skal du vere rimelig døv for å ikkje å ha fått med deg ei Vassendgutane-låt. Dei har opptrådt på dei fleste festivalar, scener og grendahus – har hatt konsert på Rockefeller og var pauseundarholdning under Spellemannsprisen i 2008. Dei kallar musikken sin for ”fest-country”, og det trur vi på!

Vassendgutane har 8 album på samvitet, frå ”Pylse og konjakk” – 2000, ”Gi clutch” – 2002, ”Ungkar med dobbelseng” – 2005, ”XO” – 2008, ”Julefest i vest” – 2010, ”Riskrem og entrekått” – 2011, ”Festi ekje slutt – beste HITtil” – 2012 og ”Hesteslepp” – 2013 og “Skru opp” i 2015!

Vassendgutane er klare for Norsk Countrytreff – og Norsk Countrytreff er klare for Vassendgutane!

http://www.vassendgutane.no/

Vegar Sårheim