The Crowe Brothers

Med Josh Crowe på gitar og Wayne Crowe på bass, har The Crowe Brothers si musikalske karriere strekt seg over 4 tiår, og med dusinvis av innspelingar. Dei vaks opp i Clayton Georgia, der Josh og Wayne byrja å spele i tidleg alder, i lag med faren sin - Junior Crowe. Dei deltok i fleire forskjellige band, og spelte bluegrass og gospel. I 1975 starta dei eit samarbeid med Raymond Fairchild, og frekventerte diverse bluegrassfestivalar dei neste 15 åra.

I løpet av si lange karriere innan bluegrass, har The Crowe Brothers gjort bemerkelsesverdige opptredenar på t.d Grand Ole Opry og The Library of Congress, i tillegg til å ha opptrådt på nasjonale TV-sendte tilstellingar, som Bluegrass Spectacular, Fire on the Mountain, Nashville Now, I-40 Pickin’ at the Paradise og American Music Shop.

The Crowe Brothers har mottatt anerkjennelse og prisar frå SPBGMA Association – Society for the Preservation of Bluegrass Music of America, både for Best Bluegrass Rythm Guitar og Best Instrumental Band, og var også nominert av IBMA – International Bluegrass Music Association som Emerging Artist of the Year i 2009. Det samme året gjekk ”Cindy Mae”, skrevet av Cody Shuler, inn som nummer 1 på fleire Bluegrass-lister i USA. I 2011 gjekk ”He Could Pick the Hound”, skrevet av Steve Watts, inn på 1.plass.

Wayne Crowe hoppa av musikkbussen i 1990, medan Josh holdt fram med å spele Bluegrass i lag med andre artistar, både som Crowe & McLaughlin og The Josh Crowe Band. Men i 2005 hoppa Wayne på musikkbussen igjen, og The Crowe Brothers var født på ny.

Gasta Design