Steffen Jakobsen

Kven hugsar vel ikkje den malmfulle røysta til Steffen Jakobsen i IDOL 2013, der han kom på ein svært respektabel 3.plass. Og der hans tolkning av "Your man" blei kåra til årets beste IDOL-augneblink. I tillegg selde Steffen Jakobsen til gullplate med debut-albumet "My beginning".

Steffen Jakobsen er ein artist med beina i den tradisjonelle countryen, og lagar i tillegg sin eigen musikk. Albumet "My beginning" blei innspelt i 2009, men etter suksessen i IDOL i 2013, blei albumet relansert. Steffen Jakobsen er inspirert av artistar som Josh Turner, Randy Travis, Merle Haggard, Don Williams og George "The Possum" Jones - og med den særeigne røysta si viste han det norske publikum nye vegar til countrymusikken.

Steffen er igjen klar for å opptre på Norsk Countrytreff, i lag med mangeårig venn G.Thomas. 
 

Freddy Brakestad