Staut

StautSTPeppersby.jpg

For alle som var til stades på Norsk Countrytreff i 2015, var nok Staut eitt av dei absolutte høgdepunkta. Staut er framleis eit av dei største country/folkrockbanda i Noreg, og eitt av dei mest populære live-banda i landet. Publikum møter opp i hopetal for å høyre denne friske Valdresgruppa. Staut skapar alltid god stemning med sine humoristiske tekstar med rotnorsk innhald og fengande tonar. Dei har brukt tida godt sidan 2015, for å finpusse sceneuttrykket sitt, noko vi ser fram til å få presentere på Norsk Countrytreff i 2017.

Stauts tre første album har til saman lege 36 veker på Noreg si offisielle albumliste, VG-lista. Og deira forrige album ,”Stugureint”, gikk rett inn på 1.plass på lista. Alle albuma har hausta både 6’arar og mange 5’arar i ei samstemt musikkpresse, med tilhøyrande gullsal. I 2013 mottok Staut Platina for salet av singlane «Sjå sole» og «Slepp meg inn».

STAUT er

Gaute Lein Ausrød – vokal / gitar
Ørnulf Juvkam Dyve – tangenter, kor
Asle Tronrud – feler, kor
Dag Arve Sandnes – gitarer, slide
Torgeir Bolstad – kontrabass, kor
Frode Flatland – trommer, kor

Gasta Design