Sons of Vanity

I starten var Sons of Vanity kun dei tre kompisane Åsmund Kvinge, Arild Haugsvær og Stian Sylta, som utstyrt med gitarar spelte jobbar lokalt i Bergen, og skreiv songar inspirert av både country- og rockeband. Gutta frå Nordhordaland reiste då rundt som Vanity. 

I 2015 blei dei med på ein countrymusikkkonkurranse, der dei gjekk heilt til finalen. I forbindelse med finalen fant dei ut at dei ville ha med seg ein trommis, og Atle Andersen blei inkludert i bandet. Like etter fekk dei også med seg ny vokalist og keyboardist, i Ane J. Møvik. I 2016 deltok dei i ein internasjonal musikkonkurranse, der dei plasserte seg blant dei 150 beste bidraga, av over 18.000 innsendte låter. Låta dei deltok med, "Girl Next Door" blei då satt på spelelista på nasjonal radio o Noreg. Bandet gjekk straks i gang med å lage ein EP, for å følge opp suksessen.

2016 blei elles brukt til diverse spelejobbar på messer og festivalar, medan dei gjorde siste finpuss på EP'en i Lydetaten Studio utanfor Bergen. Dei skifta samtidig navn til Sons of Vanity.

Musikkmessig går det mest i outlaw country, sørstatsrock og americana. 

Freddy Brakestad