Sam Outlaw

The future’s bright for the young Angeleno. And an old song plays in his head. Far as he knows…

Desse trofene frå tittelsporet til Sam Outlaw sitt debut-album ”Angeleno” kunne nesten gjort nytta som ein haiku-liknande artistbiografi. Outlaw er ein singer/songwriter frå California, og har sin inspirasjon frå vestkyst-countryen, influert av den klassiske 60-tals Bakersfield honky-tonk’en og Laurel Canyon sin trubadur-pop frå 70-talet. Dette smeltar saman til eit lydbilde som minnar både om fortida, notida og framtida.

Sam Outlaw har kanskje hatt den beste debuten ei fersk countrystjerne kan oppleve. Albumet ”Angeleno” blei av The Guardian kåra til 7.beste countryalbum utgitt i 2015, i konkurranse med kanonar som Kacey Musgraves, Eric Church, Chris Stapleton, Maddie & Tae og Leigh Nash. I 2016 blei ”Angeleno” av The Telegraph kåra til beste album, der både Willie Nelson og Bonnie Raitt måtte innfinne seg med å bli sett i skuggen av unge Sam Outlaw.

Musikken han spelar, kallar han SoCal country. Country med The Southern California spirit – noko som gjer seg til kjenne gjennom dei såre og triste undertonane i sjølv dei glade sangane hans.

Sam Outlaw si musikalske reise starta i Sør-Dakota, der han vart fødd som Sam Morgan. Familien flytta først til midvesten før dei til slutt slo seg ned i San Diego. Med konservativt kristne foreldre, starta det musikalske først med kyrkjesangar, der han lærte seg å synge harmoniar med dei andre. Til tross for at faren var konservativ kristen, så hadde han eit kjært forhold til Beatles, og mor sjølv var ihuga fan av the Beach Boys og the Everly Brothers – så saman lytta dei på radio sjølv om dei i prinsippet ikkje hadde lov til dette av menigheten.

I ungdomstida spelte Sam Outlaw i band. Dette var heilt på hobbybasis, men i løpet av skulegangen blei han oppmerksom på Emmylou Harris og George Jones – og dette blei eit vendepunkt for Outlaw. Han kjøpte Emmylou Harris si ”Pieces of The Sky”, og blei meir seriøs på både gitarøving og låtskriving.

Etter å ha hoppa av jobben som reklameselgar, markerte Sam forandringa si ved å ta mora sitt familienavn, og Sam Outlaw var født. Sjølv syns han det låt svært country-aktig, og i tillegg var det jo eit familienavn – så kvifor ikkje?

I 2014 gav Sam Outlaw ut sin første EP, betalt av eiga lomme. I tillegg gjorde han gode opptredenar og utmerka seg som ein svært god liveartist. Han opptrådte på Stage Coach og AmericanaFest, og greidde å få ein video med på CMT. Samtidig jobba han hardt med å få spelt inn sitt første album. Og der skulle eit bandmedlem bli sentral. Joachim Cooder spelte EP’en til Outlaw for far sin, den legendariske gitaristen Ry Cooder – og Ry fatta med ein gang interesse for unge Sam Outlaw.

Ry Cooder ville gjerne hjelpe Sam Outlaw med innspeling av plata, og saman med Bo Koster (My Morning Jacket), Taylor Goldsmith (Dawes), Gabe Witcher (Punch Brothers) og Chuy Guzmán (Linda Ronstadt) gjekk Outlaw og Cooder i Megawatt Studios i Los Angeles og spelte inn si første plate – Angeleno.

SoCal-countryen som Outlaw presenterte på debutplata har fulgt han derifrå, og han føler han har eit oppdrag; å minne folk på kor fantastisk country-musikk er, og spesielt at Sørlige Kalifornia har ei rik historie med countrymusikk.

 

 
Gasta Design