Lucky Lips

Hugsar du Lucky Lips på Norsk Countrytreff tilbake i 2012? Den gang då dei spelte bluegrass og var på lag nykruna som "Euopas beste Bluegrassband"? Det freistar å seie "Gløym det. Gløym det!" Lucky Lips anno 2017 er så nytt, så energisk og så fantastisk at du knapt trur det. Vi snakkar framleis retro så det held, men vi snakkar retro rockabilly, retro western swing, retro country og retro countryrock. Den musikalske utviklinga i Lucky Lips - frå eit eminent bluegrassband til eit eminent altmuligband, er som den berømte larven som blei til ein sommarfugl. Det er så vakkert, så vakkert!

Vokalist Malin Pettersen malar deg inn i eit mjukt countryunivers med stemma si, og resten av bandet ristar deg ut av dei varme teppa igjen med kompromisslaust spel. Ein kan mistenke at Pettersen har hatt heile oppveksten sin i rustbeltet i USA, til tross for at ho er født her i steinrøysa. Som ein kuriositet kan vi nemne at Malin var med i Idol i 2005, det året Jorunn Stiansen vant og vi for alvor blei kjent med Eva Weel Skram og Tone Damli Aaberge.

Malin Pettersen er sjølvsagt ikkje åleine i Lucky Lips, og bandet består av særs dyktige musikarar. Even Krogh på banjo, Stian Sveen på gitar og vokal, Erlend Støylen Hølland på bass og vokal & Pål Emil Berg på trommer. Saman er dei Lucky Lips. Du bør ikkje gå glipp av dette på Norsk Countrytreff 2017!

 

Freddy Brakestad