Gunslingers

Torsdag kveld - på Hovedscena - Hesjestauren! Vi knallar i gang årets Norsk Countrytreff med ingen ringare enn Gunslingers!

Få band innan countrysjangaren har opplevd ei slik utvikling her til lands som Gunslingers.  Etter utgjevinga av “Norwegian Honky Tonk” hausten 2008, vart bandet booka til dei beste festivalane i landet – både Seljord og Breim! Fengande melodiar og underfundige tekstar med ekte cowboyhumor på hardingdialekt, er karakteristikk som er gjeven av plata “Norwegian Honky Tonk”. Alt frå livet på Countryfestival i Seljord og russiske damer dot.com, til Harrymann si burning på hjørnet og sterke kjensler for ein traktor vert omtala. I 2009 kom oppfølgjaren med namnet “Ein skål te” som vidareførte den humoristiske tonen frå debutalbumet. Sidan kom albumet «Viagra, Biff og Bernaise» og seinast i september 2013 «Made in Norway». I 2016 slapp gutta i Gunslingers albumet "Sommar", og fylte dermed opp musikklageret med 9 nye allsangar til countryfesten!

Bandet har gleda publikum i Breim tidlegare, både i 2008, 2011 og 2014.

Gunslingers er på plass i Breim i 2017. Du kan møte desse populære karane frå Norheimsund på scena i Hesjestauren torsdag kveld!

Freddy Brakestad