Girls Gone Country

I lag med G.Thomas kjem jentene i Girls Gone Country - Anette Røssvoll, Tone Vermeulen og Chatrin Hagen - som starta sitt samarbeid i 2009, då dei var saman om ein konsert til ære for Tammy Wynette. Jentene hadde det så kjekt i lag at dei bestemte seg for å halde fram samarbeidet, og dette har ført til utallige konsertar i Nord-Norge. Og jentene drar fulle hus kvar enn dei går! 

Det som kjenneteiknar Girls Gone Country er spelegleden og harmoniane som dei skapar. Anette på tangentar er også musikalsk ledar, og skapar flotte harmoniar som passar stemmene til jentene på unikt vis. GGC spelar både ny og gammal country, på sitt eige vis. Dei byr på låtar frå blant anna Tammy Wynette, Martina McBride, Dolly Parton, Jill Johnson med fleire. 

Jentene gledar seg veldig til å besøke Breim, og er svært stolte over å bli invitert!

Freddy Brakestad