Get Rythm

Get Rythm dundra inn på festivalscenene i 2015, med sitt unge og kompromisslause driv. Rockabilly, blues, country og rock'n roll kjenneteiknar gutta - og klang og framtoning er som snytt ut av Johnny Cash. 

Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutta oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. 

Get Rythm består av Martin Øvstehage, Erlend Trinerud Rognlien ,Erik Sverre Engeland, Kjetil Andre Jensen og Erlend Hofstad, og alle er dei frå Gausdal i Gudbrandsdalen. 

Freddy Brakestad