Darling West

Det er ikkje alle forunt å kunne skrive den perfekte countrylåten. George Jones har gjort det, Dolly Parton har gjort det, Johnny Cash har gjort det fleire gangar, og eit par bautaar til i musikkhistorien har gjort det. Felles for dei fleste er at dei vaks opp under dårlige kår i det sørvestlige USA, medan dei strevde for å overleve av musikken.

Trioen i Darling West er født og oppvokst temmelig langt unna dei støvete gatene og slitne kafeane i Nashville, Tennessee. Men de har likevel vore ganske nære å skrive den perfekte countrylåten. Både på sitt spellemann-nominerte debutalbum frå 2014, og på deira nye album, «Vinyl and a Heartache» - som vant Spellemannsprisen 2016 for beste countryalbum.

Kjetil Steensnæs, Tor Egil Kreken og Mari Kreken har countrymusikken og country-DNAet godt forplanta i kroppen, og sjølv om Noreg dei siste åra har fått ei yrande og vital country-scene, er det få som gjer det så gjennomført og bra som Darling West. Bandet har perfeksjonert uttrykket sitt endå meir på si andre plate, og reint musikalsk ligg dei tett opp til samtidige artistar som Sam Outlaw, Gillian Welch, Kacey Musgraves, Ryan Adams og Jason Isbell, medan ånden til Gram Parsons og Emmylou Harris heile tida våkar varsomt over dei.

Til daglig spelar dei forskjellige bandmedlemmene med storhetar som Odd Nordstoga, Marit Larsen, Bjørn Eidsvåg, og mange fleire, men det er saman, i Darling West, den virkelige magien oppstår. Det er sårt, det er nakent, det er ekte, og det er låtskriving på skyhøgt nivå. Det er dans og det er sorg, det er tradisjonelt og det er nyskapande. Darling West nærmar seg den perfekte countrylåten farlig fort. Kanskje er den allerede her.

Freddy Brakestad