Dagland

Dagland - eller Dag Atle Håland er ein artist med allsidig bakgrunn. Han har vore med i så vel Cajun Gumbo som Heimalanne dei siste åra, men har etter mykje om og men endelig lansert plata som viser Dag Atle Håland slik Dag Atle Håland vil vise seg fram. Mannen frå Askøy har slept ei plate som er omtalt som "americana møter skandinavisk folkemusikk", og med seg har han hatt Linda Farestveit på vokal, sønnene Arve Egil og Eivin Aasheim Håland på henholdsvis trekkspel, mandolin og akkustisk gitar, Bjørn Tore "Bucky" Aasheim på diverse gitarar, Aksel Fjæra på bass, Morten Bergstrøm på trommer. Sjølv spelar Dag Atle Håland så mange strengeinstrument at det nesten må takast i ein eigen post, om vi skal nevne alle.

Med seg på albumet har Dagland også hatt fleire gjesteartistar, der ei av dei er spesiell for Norsk Countrytreff - og for Breim og Gloppen og Nordfjord - nemleg vår eiga Sigrid Moldestad på fele og hardingfele. 

Freddy Brakestad