Ben & Noel Haggard – med The Strangers

Merle Haggard skulle vere eit navn dei aller fleste kjenner til. The Strangers var bandet hans, og dei som fulgte han i tjukt og tynt i tidsepoken frå 1965 og fram til Merle sin død i 2016. Over 40 artistar har vore innom The Strangers sidan oppstarten i ’65, der navn som Tiny Moore, Glen Campbell, James Burton og Ralph Mooney kan nevnast – i tillegg til Merle - og altså Ben & Noel Haggard. The Strangers har også hatt ei ”solokarriere” utan Merle, der dei spelte inn album på Haggard sitt label; Capitol Records.

Ben Haggard starta som lead-gitarist i The Strangers allerede som 15-åring, der han glei inn blant veteranar som Norm Hamlet og Scott Joss. Ben var med på Merle Haggard sine innspelingar og på sceneoptredenar der Merle opptrådte åleine eller i lag med sine gode vennar Willie Nelson og Kris Kristofferson i The Highwaymen. I tillegg spelte Ben med Blake Shelton, Vince Gill og Keith Urban på ”All for the show” i 2012 og på Grammy 2014. I 2016 spelte Ben og The Strangers i lag med Toby Keith på ein Merle-tribute på det nasjonalt sendte tv-showet American Country Countdown Awards. I 2014 deltok også Ben Haggard på eit album 2014’s Working Man’s Poet: Tribute to Merle Haggard i lag med artistar som Toby Keith, Jason Aldean, Jake Owen, Luke Bryan og Dierks Bentley.

Noel Haggard gjekk solo og slapp sitt første album i 1997. Albumet ”One Lifetime” produserte 2 singlar, som begge la seg på ein respektabel 75.plass på Billboard Hot Country Singles & Tracks Chart. I 2003 gjorde George Strait ein cover av Noel Haggard sin ”Tell Me Something Bad About Tulsa”, og denne klatra til 11.plass på Billboard HCS. Noel deltok som ein kuriositet i filmen ”Maverick” med Mel Gibson, der han var ein del av ”The Maverick Choir”.

Sidan Merle sin død 6.april 2016, har Ben i lag med broren Noel stått fjellstøtt for å vidareformidle arven etter faren sin, både i samspel med Kris Kristofferson og med Willie Nelson. Saman har Ben & Noel holdt liv i den musikalske fakkelen Merle Haggard la grunnlaget for i si lange musikalske karriere.

“You’d be an idiot not to take my guitar and my bus, not to sing my songs for as long as you can… Go out there and play until there’s nobody to play to.” Med desse orda la Merle Haggard veien vidare for Ben & Noel, og det er liten tvil om at gutta har plukka opp mangt eit tips og råd frå sin gamle far. Med sine særegne stemmer har dei gitt nytt liv til låtar som ”Sing Me Back Home”, ”Heaven Was a Drink Of Wine”, ”Workin’ Man Blues” og ”What Am I Gonna Do With the Rest of My Life?” – alle låtar som har fått ei ny og djupare meining etter Merle sin bortgang i 2016.


 

Gasta Design