Bare Fjas & Blågras

Bare Fjas & Blågras består av Fritz Eidsvåg, Hans Martin Storrøsten og Øyvind Smidt, og dei skulle gjerne ønske at dei var cowboyar. Men det er dei ikkje. 

Difor drøymer dei seg tilbake til cowboyane si tid, slik dei trur den var, og spelar musikk slik cowboyane spelte den. Bare Fjas & Smågras er riktignok berre tre karar, men dei har 27 strengar og til sammen 9 instrument, pluss at dei syng trestemt! Dei spelar nokre av dei gamle kjente amerikanske cowboysangane, men mest av alt likar dei å spele kjente og kjære barnesangar.

 Kanskje du har høyrt Blåmann, Fola Blakken, Reven på Hønsejakt og Gubben og Gamla? Desse får du servert i EKTE bluegrasstil med banjo, fele, gitar og sang. Litt fjas blir det òg. Cowboyane er flinke til å fjase rundt leirbålet!

Bare Fjas & Blågras-cowboyane kjem ridande heile vegen frå Trondheim til Norsk Countrytreff, for å spele både på Barnas Countrytreff og i Frislidlada.

Freddy Brakestad