Anne Hvidsten


Du har kanskje fått med deg at Sons Of Vanity tar med seg ein gjesteartist til Norsk Countrytreff? Anne Hvidsten frå Fonnes i Nordhordland er tross sin unge* alder ein gammal ringrev i musikklandskapet i Noreg. (*Ho er nemleg yngre enn han som skriv dette..) I 2003 gav ho ut singelen ”Need to know”, som gjekk som ein farsott på radio i Noreg – og i 2004 kom debutalbumet med samme navn. Både tittellåta og låta ”Disconnection” blei A-lista på radio. I 2008 stilte ho opp i Melodi Grand Prix, og kom heilt til Sistesjansen med låta si; ”A little more”. I 2009 gav ho ut albumet Bubble Burst, der spesielt låta ”Dreams” blei godt mottatt, og følgjeleg A-lista på radio. I 2012 kom den foreløpig siste plata, den bluegrass-inspirerte plata My favourite song. Og du? Du såg ho kanskje også hos Tore Strømøy – i hans program ”Sanger om Norge” i 2014? I samme program som han der litt kjente Åge oppe frå Trøndelag.. Elles har ho blitt spelt mykje i både NRK P1 og i NRK Hordaland, med hyllestlåta til heimstaden; "Heim til Austrheim". 

Det er med andre ord ei merittert dame som stiller på scena i lag med Sons of Vanity på fredag - og vi gledar oss!


Freddy Brakestad